Publisert: 28.10.10

Spennande jobbar i Sogn og Fjordane

Anten du er på leiting etter sommarjobb eller fast stilling, på jobbportalen www.framtidsfylket.no kan du finne potensielle arbeidsgjevarar og mange ledige stillingar. I Sogn og Fjordane finn du spennande jobbar og vekstarenaer i næringsklynger innan høgteknologisk industri, maritim og offshore, design, finans og økonomi, energi, IKT samt offentlege tenester/forsking og utvikling. I Sogn og Fjordane kan du oppleve opne, energiske og nyskapande miljø. Fylket har alltid orientert seg mot omverda og står for mykje av verdiskapinga i Norge og ein stor del av norsk eksport. Sogn og Fjordane er i stadig større grad eit fylke der nye idear blir sett ut i livet og der internasjonale og urbane impulsar slår rot blant det tradisjonelle. Bonusen er eit lettlevd liv - tett på naturen. Likar du friluftsliv kan det ikkje bli betre, men her er også rom for å nyte naturen frå eit kafèbord. I Sogn og Fjordane har entusiastar og ressurspersonar gode rammer for å delta, å bli verdsette og å påverke – både fagleg og i lokalmiljøet, på jobben og i fritida. For stillingar som er lyst ut no, sjå http://framtidsfylket.no/for-arbeidssokjar/finn-ledige-jobbar/ På jobbportalen www.framtidsfylket.no kan ein søke opp aktuelle bedrifter i bedriftsdatabasen, legge ut din CV, finne sommarjobbar, samt lese blogg og nyhende om næringslivet i Sogn og Fjordane og traineeprogrammet.

Om Framtidsfylket AS

  Profil

  Nettside

Framtidsfylket er verktøyet for rekruttering til Sogn og Fjordane. Vi representerer mange spennande arbeidsplassar både i det private næringslivet og i det offentlege. I tillegg er vi koordinator for eit regionalt traineeprogram. Besøk vår jobbportal for meir informasjon: www.framtidsfylket.no


Stillingstype
Annet
Sted
Sogn og Fjordane
Søknadsfrist
02.12.12
Årstrinn
1 2 3 4 5

Søk på stillingen

Cookies hjelper oss å levere våre tjenester. Ved å bruke våre tjenester, samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Lær mer