Publisert: 26.01.11

Framtidsfylket Traineeprogram

Stillingane til årets traineeprogram er no lagt ut. I år kan du søke traineestillingar innanfor mellom anna logistikk, energisektoren, bankverksemd og software. Start traineeår: august 2011. I Sogn og Fjordane kan du oppleve opne, energiske og nyskapande miljø. Fylket har alltid orientert seg mot omverda og står for mykje av verdiskapinga i Norge og ein stor del av norsk eksport. Her finn du spennande jobbar og vekstarenaer i næringsklynger innan høgteknologisk industri, maritim og offshore, design, finans og økonomi, energi, IKT samt offentlege tenester/forsking og utvikling. Sogn og Fjordane er i stadig større grad eit fylke der nye idear blir sett ut i livet og der internasjonale og urbane impulsar slår rot blant det tradisjonelle. Bonusen er eit lettlevd liv - tett på naturen. Likar du friluftsliv kan det ikkje bli betre, men her er også rom for å nyte naturen frå eit kafèbord. I Sogn og Fjordane har entusiastar og ressurspersonar gode rammer for å delta, å bli verdsette og å påverke – både fagleg og i lokalmiljøet, på jobben og i fritida. Framtidsfylket Trainee, vårt fylkesdekkjande traineeprogram med arbeidsgjevarar både i privat næring og offentleg sektor gjer det mogeleg for deg med bachelor- eller mastergrad å få ein unik start på karriera. Søknadsfristen til det eittårige traineeprogrammet er 8.mars 2011. For meir informasjon sjå Traineestillingar 2011-2012 I tillegg til traineeprogrammet vert det kontinuerleg lagt ut ledige stillingar på vår jobbportal www.framtidsfylket.no. Her finn ein og meir informasjon om dei aktuelle traineebedriftene. I tillegg kan ein på portalen søke opp aktuelle bedrifter i bedriftsdatabasen, legge ut din CV, finne sommarjobbar, samt lese blogg og nyhende om næringslivet i Sogn og Fjordane og traineeprogrammet.

Om Framtidsfylket AS

  Profil

  Nettside

Framtidsfylket er verktøyet for rekruttering til Sogn og Fjordane. Vi representerer mange spennande arbeidsplassar både i det private næringslivet og i det offentlege. I tillegg er vi koordinator for eit regionalt traineeprogram. Besøk vår jobbportal for meir informasjon: www.framtidsfylket.no


Stillingstype
Trainee
Sted
Sogn og Fjordane
Søknadsfrist
09.03.11
Årstrinn
1 2 3 4 5

Søk på stillingen

Cookies hjelper oss å levere våre tjenester. Ved å bruke våre tjenester, samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Lær mer