Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane


      Sogndal
    http://www.kunnskapspa...

Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane AS er ein av 26 forsknings- og kunnskapsparkar i Noreg og arbeider for auka verdiskaping gjennom utvikling av regionale innovasjonssystem og styrkt fokus på innovasjon i etablerte og nye verksemder. Kunnskapsparken er ei privat verksemd og drivast etter kommersielle forretningsprinsipp. Vi fokuserer på prosjekt, prosessar og verkemiddel som innvolverer dei tre grunnpillarane for regional næringsutvikling: Private verksemder, offentlege utviklingsaktørar og fou-miljø. Kunnskapsparken forvaltar eit eige investeringsfond som nyttast til initielle investeringar i nyskapingsprosjekt med innovasjonshøgde. Kunnskapsparken har et nært samarbeid med Fjord Inkubator AS og Fjord Invest såkorn AS. Kunnskapsparken har ein desentralisert oppbygnad og utfører sine funksjonar gjennom våre avdelingskontor og samarbeidspartar rundt om i fylket. Kunnskapsparken speler på eit spekter av kompetanse som inneheld god teknologisk, økonomisk, industriell og fou-messig kunnskap. Dette gjev grunnlaget for ei god forståing av industrielle, offentlege og innovative prosessar.


Cookies hjelper oss å levere våre tjenester. Ved å bruke våre tjenester, samtykker du til vår bruk av informasjonskapsler. Lær mer